Samlokalisering har ført til ei positiv utvikling av samarbeidet mellom naudmeldesentralane, i følge Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
Samlokalisering har ført til ei positiv utvikling av samarbeidet mellom naudmeldesentralane, i følge Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Samlokalisering har gitt betre samarbeid

I ei ny undersøking går det fram at samlokalisering har ført til ei positiv utvikling av samarbeidet mellom naudmeldesentralane.

Publisert Sist oppdatert

Bakgrunn for samlokalisering

  • DSB og Politidirektoratet (POD) har fått i oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet å gjennomføre samlokalisering av brannvesenet sine 110-sentralar og politiet sine operasjonssentralar. Oppdraget omfattar også at det skal leggast til rette for samlokalisering med dei akuttmedisinske kommunikasjonssentralane (AMK-sentralane) der det er ønskeleg.
  • Det overordna målet med samlokalisering i naudmeldetenesta er forbetra samarbeid og samvirke.
  • Samlokalisering i naudmeldetenesta er til no gjennomført i halvparten av 110-regionar/politidistrikt i landet. Desse er Finnmark (2020), Nordland (2017), Møre og Romsdal (2017), Sør-Aust (2018), Aust (2018) og Innlandet (2017). AMK-sentralane er ein del av samlokaliseringa i Finnmark og Nordland. Samlokalisering mellom 110-sentralen, politiet sin operasjonssentral og AMK-sentralen i Agder blir etablert før sommaren 2023.

I ei undersøking går det fram at samlokalisering har ført til ei positiv utvikling av samarbeidet mellom naudmeldesentralane. Det melder Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Undersøkinga er basert på svar frå leiarar og operatørar som jobbar i 110-sentralane, politiet sine operasjonssentralar og AMK-sentralane i dei distrikta der naudmeldesentralane er samlokalisert.

Hovudfunna i undersøkinga er:

  • Betre informasjonsdeling mellom sentralane før, under og etter ei hending
  • Meir samarbeid om tverretatleg kompetanseutvikling
  • Betre rutinar for erfaringslæring
  • Likare handtering av hendingar med trippelvarsling
  • Høgare kunnskap om dei andre naudmeldesentralane
  • Utfordrande å handtere teiepliktig informasjon på tvers
Johan Marius Ly, avdelingsdirektør for avdeling for brann og redning (BRE) i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.
Johan Marius Ly, avdelingsdirektør for avdeling for brann og redning (BRE) i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

– Undersøkinga viser at samvirke på tvers av etatane er blitt forbetra. Mange som har svart på undersøkinga, kommenterer at fysisk nærleik og større kjennskap mellom operatørane har ført til enklare kommunikasjon og betre samarbeid. Dette bidrar til betre beredskap i samfunnet, seier avdelingsdirektør i DSB, Johan Marius Ly.

Om undersøkinga

Ei måling blei gjennomført før samlokaliseringa fann stad, og ei tilsvarande måling blei gjennomført i november i 2022. I målingane gir respondentane eigne vurderingar av 11 påstandar om ulike forhold som til dømes kjennskap til andre naudmeldesentralar, handtering av hendingar, informasjonsdeling og samvirke.

Hensikten med undersøkinga var å undersøke om samlokaliseringa har ført til betre samarbeid og samvirke – som har vært det overordna målet med samlokaliseringa. Undersøkinga er utvikla og gjennomført av DSB.

Les meir om undersøkinga i rapporten «Gevinstmåling nødmeldingstjenesten 2022»

 

Powered by Labrador CMS